1
Oline, Karl og mor har vore å mata endene i den lokale andedammen i Funder. På vegen heim køyrer det fleire bilar forbi oss. Dei får alle ein eller annan kommentar av dei små. Men Oline, som har auge for flotte, gamle, stilige bilar seier plutseleg: "Smart bil!" då ei eldre dame køyrer forbi oss - i ein Volvo 240! (Har eg greie på det? Nei. Men i allefall ein Volvo av eldre dato.) Så veit de at ho har same smak som onkelen når det handlar om bilar ;o)
2
3
Den siste anekdoten handler og om kor mykje ho får med seg: Me sit rundt bordet, denne gongen til litt ettermiddagsmat. Det er juice på bordet, og Oline vil gjerne ha "jus". Mor begynner å riste litt på kartongen, men Oline seier med det same: "Nej, sånn gør man" og så får ho lov til å demonstrere. Den måten ho gjer det på vitnar om at me var lenge på Solbakk denne sommaren; Det er som å sjå morfar når han gjer seg klar til eit glas juice ;o)
Anekdotane er litt interne - ytterligare forklaringar kan de få av dei omtalte personane.
We'll be back "soon"!
2 kommentarer:
Så utruligt morsomt!! :) Oline får nok någen ekstra stjerner nå av onkel Kainung! :)
Hehe, eg må le!!!:-) Oline har jo virkeligt tatt mormor og morfar på kornet!;-)
Send en kommentar