Tirsdag var me på oppdaging i Funder. Me hadde høyrt rykter om ein stor, flott leikeplass ikkje så langt frå oss - den ville me gjerne finne. Fantastisk haustvêr fekk me, matpakkane vart smurte og så la me i veg. Oline på sykkel og dei to andre i vogna. Etter ein god kilometer fann me fram til eit eldorado av leikeapparat! Der koste me oss i nokre timar før me satte kursen heim att. Turen attende vart litt dryg, i alle fall for ho på sykkel, men me kom oss heim til slutt - det var ein god dag!
torsdag den 14. oktober 2010
Abonner på:
Indlæg (Atom)