Me har satt oss eit mål: Me vil gå på alle toppane i Danmark som er over 100 meter! Og på seinsommaren starta me med dei toppane som ligg nærast Voel (langt dei fleste toppane over 100 meter ligg i nærleiken av Silkeborg), Randershøj og Sorring Loddenhøj. (Me har allereie frå tidlegare turar vore på fleire av dei høgaste toppane i landet, så dei har me kryssa av på lista, sjølv om det var før "prosjektet" starta...;o))


Randershøj. Nokre seier at på klåre dagar kan ein sjå heilt til Randers. Me hadde kikkert med, men fekk ikkje auge på staden. Flott utsikt var det og ein fin skog å gå tur i.

Sorring Loddenhøj. Den låg ganske unnseleg bak ein gård, ved eit stort, gamalt tårn. Sjølve "højen" er freda i 2 meters radius frå steinmonumentet, men ellers var der åkrar og traktorar heile vegen rundt. Ikkje den største naturoplevinga, men me koste oss med klatring i tre og litt medbrakt niste.